Leiar

Blodraude tal, men det er grenser for kor fort sjukepleierane kan springe

No er det tilbake til kvardagen for lokalpolitikarane i Stad. Blodraude tal ventar dei denne budsjetthausten.  Foto: PRESSEFOTO

Det er grenser for kor fort sjukepleiarane skal springe.

Nyhende

Komande veke får politikarane i Stad kommune administrasjonen sitt konsekvensjusterte budsjett på bordet sitt. Tala administrasjonen legg fram er ikkje eit budsjett i balanse. Det var det kanskje ingen som hadde forventa. Konsekvensjustert budsjett viser korleis den økonomiske situasjonen vil vere dersom ein skal vidareføre drifta på same nivå som i føregåande år. Her manglar det 45,9 millionar for å vidareføre drifta på dagens nivå.

Det er ein krevjande situasjon for alle, ikkje berre for politikarane som skal finne inndekning. Om resultatet blir å kutte 45.9 millionar kroner, så svara det til 70 årsverk. Ikkje minst er dette ein krevjande situasjon for tilsette i kommunen, og alle dei som er avhengige av tenestene som kommune er lovpålagt å yte til innbyggarane. Budsjettet er også utfordrande i den forstand at seier ein ja ein eller fleire ting som vil påverke den kommunale økonomien, så må ein også seie nei til noko anna.

Budsjettet inneheld meir enn drift. Investeringar er ein viktig del. Vi veit at det er eit stort etterslep på vedlikehald. Dette gjeld både bygg og vegar. I tillegg er det mange ønskje og behov for forbetringar fleire stadar – til dømes betre toalettfasilitetar for ungdomsskuleelevane på Nordfjordeid, der 90 elevar deler to toalett. Eller omsorgsbustadane på Leikanger som er så nedslitne og i så dårleg forfatning at ingen eldre vil bu der.

Manglande symjebasseng i Selje har vore tema i mange år, og elevane i tidlegare Selje kommune har ikkje fått den symjeopplæring dei har krav på. No tilrår kommunedirektøren at ein byggjer symjebasseng raskt, men at fleirbrukshall må vente. Ein del av midlane til symjebasseng er allereie på plass, og vi kryssar fingrane for at ein finn plass til restfinansieringa. Det er ingen tvil om at 45,9 millionar kroner krev kutt. Men det er grenser for kor fort sjukepleiarane kan springe, eller kor mange elevar ein kan presse inn i eit klasserom.