Utval skal sjå på generalistprinsippet i kommunane

Regjeringa set ned eit utval som skal sjå på det såkalla generalistkommuneprinsippet. Prinsippet går ut på at alle kommunar har dei same oppgåvene.

Kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H) set i haust ned eit utval som skal sjå på generalistkommuneprinsippet. Mandatet skal også vere klart i haust.   Foto: Håkon Mosvold Larsen

Nyhende

– Utvalet skal kartleggje og vurdere korleis generalistkommuneprinsippet fungerer i møte med velferdssamfunnet i framtida, slik at vi får eit kunnskapsgrunnlag til å vurdere om det er behov for å gjere endringar i kommunesystemet i framtida, seier kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H) i ei pressemelding.