Musikklærar Atle Oen ute med sitt eige platealbum

Tek eigne låtar fram i lyset

Atle Oen (44) hadde heile 60 låtar klar då han kontakta plateselskapet. Etter fleire år med tekst og melodiar i skuffa, kjem endeleg det første albumet.

– Det er mest dei mørke sidene ved livet eg skriv om, seier platedebutant Atle Oen som kjem med eige album om halvanna månad. Frå plateselskapet FAJo Music heiter det at låtane mellom anna handlar om trøblete kjærleik, psykisk helse og rus. Sjølv seier musikklæraren frå Nordfjordeid at skulekvardagen også gjev inspirasjon.   Foto: Dagny Sunde

Nyhende

– Det er vel rundt seks, sju år sidan eg starta med å skrive mine eigne låtar. Før det hadde eg spelt mange år i coverband, sunge og spelt andre sine låtar, seier Atle Oen.