Kyrkja bur seg på annleis julefering

(NPK): Julegudsteneste ute, drive-in-julegudsteneste eller julegudsteneste med påmelding? Korona gjer at Kyrkja må tenkja alternativt rundt julehøgtida.

Leikanger kyrkje  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Fleire prestar Vårt Land har snakka med, fortel at dei planlegg ut frå dei reglane og restriksjonane som gjeld i dag. Det betyr for dei fleste at det går mot ei litt meir utradisjonell julehøgtid. Samtidig ønskjer Kyrkja å strekkja seg lang for å gje folk eit best mogleg tilbod.