Frp vil krevje Stad skipstunnel

Pådrivarar for Stad skipstunnel har denne veka hatt møte med fleire sentrale stortingspolitikarar frå Frp.

MØTE: Prosjektleiar Randi Humborstad i Stad skipstunnel har hatt møte med sentrale Frp-politikarar.  Foto: Pressefoto

Nyhende

– Møtet var svært positivt og oppløftande. Frp seier at dei vil krevje oppstartsmidlar til Stad skipstunnel i budsjettforhandlingane med regjeringa. Dette gir oss nytt håp for neste års statsbudsjett, seier prosjektleiar Randi Humbordstad.