Blodraude tal

Manglar 45,9 millionar kroner

Politikarane i Stad kommune går ein tøff budsjetthaust i møte. Konsekvensjustert budsjett for 2021 viser at kommunen manglar 45,9 millionar kroner neste år om ein skal vidareføre drifta på dagens nivå og følgje opp vedtak som er gjort.

Økonomisjef Ole Starheim ser ei utfordring for Stad kommune når det gjeld å handtere utgiftene kring lånegjelda. Dette gjer det vanskeleg å finne rom for mange nye og store investeringsprosjekt dei næraste åra, utan at disse har med seg inntekter som bidreg til å finansiere investeringa.   Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Slik situasjonen er no så manglar det altså 45,9 millionar kroner får å oppnå balanse i Stad-budsjettet for 2021. Finansutvalet og formannskapet skal ha årsbudsjett 2021 - økonomiplan 2021-2024 på bordet 22. oktober og det vert i saksutgreiinga opplyst at kommunedirektøren og hennar stab er i gang med å utarbeide tiltak som skal bidra til å kome så nær budsjettbalanse som muleg. Dette vil bli presentert i eit utvida dokument til finansutvalet og formannskapet den 12. november.