Hamna utfor vegen

Ein bilførar køyrde i morgontimane utfor vegen på Eid-sida av Lotetunnelen.

Denne bilen hamna utfor vegen på Eid-sida av Lotetunnelen i morgontimane onsdag. Det var glatte vegar i området onsdag morgon, og det kan ha vore ei årsak til utforkøyringa.   Foto: Tormod FLatebø

Nyhende

I morgontimane onsdag hamna ein bil utfor vegen på Eid-sida av Lotetunnelen. Årsaka til utforkøyringa er ikkje kjent, bortsett frå at det enkelte stader var glatte vegbaner. Spesielt glatt var det på vegskuldra. Bilen som, slik det såg ut på staden, har kome i retning Nordfjordeid, og køyrt ut på motsett side av vegen. Fjordabladet har ikkje fått opplyst om det er personskade i samband med utforkøyringa. Dette vil vi eventuelt kome tilbake til.