Jentelaget til finale i sluttspelet:

Fantastisk snuoperasjon av Eid sitt jentelag

Etter første omgang stod det 0–2 i sluttspelkampen mellom Eid sitt jentelag i klassen 15/17 år og Gaular. I andre omgang overtydde heimelaget og vann kampen 3–2.

Til finale: Eid jublar over finaleplass. I finalen møter Eid Førde 2, som dei har slått 3–1 tidlegare i år. Bak frå venstre: Lene Refsnes, Silje Hellenes, Andrea Naustdal, Eveline S. Andersson, Oselie Henden, Julia Felde, Amanda Challen og trener Henning Haugen. Framme frå venstre: Tuva Alsaker, Mathilde Solheim, Tuva Lund, Ida V. Vedeld, Pernille Kullsveen, Marte Skeistrand og Matea Haavik. Alle foto: Tormod Flatebø 

Nyhende

– Sjølv om vi blir liggande under med to mål etter den første omgangen, var det jentene våre som var det beste laget på banen – spelemessig. Vi viste at Gaular hadde ein farleg spiss i Mina Bell Folland. Passar vi ikkje godt nok på spelarar av hennar kaliber blir det fort mål i mot, sa Eid-jentene sin trenar Henning Haugen som i pausen fortalde kva som måtte justerast på.