Kontroll

Ein vart avskilta - fire fekk bruksforbod

Under ein tungbilkontroll Statens vegvesen hadde på Kjøs kontrollstasjon onsdag fekk fire bilar bruksforbod.

Illustrasjonsfoto. 

Nyhende

Totalt var det 97 køyretøy inne på kontrollstasjonen på Kjøs, 24 av desse vart kontrollerte. Ein førar hadde sikra lasta for dårlig. Ein førar måtte rydde i siktsona. Ein førar måtte sette frå seg containeren, kjøretøyet tilfredstilte ikkje kravet til underkøyringshinder. Eit køyretøy var ikkje tilstrekleg merka for brei last, forholdet måtte rettast før vidare køyring. Eit køyretøy avskilta på grunn av tekniske manglar som ikkje var retta innan fristen.