Bilkøyrarar må førebu seg på snø og glatt føre fleire stader

Sør-Noreg beheld penvêret kanskje heilt ut i neste veke. Men i fleire delar av landet må bilførarane førebu seg på moglege varsel om snø og glatt føre.

Fjellet på Vestlandet fekk snøfall allereie i september. No blir det varsla lågare temperaturar og snø fleire stader både i nord og andre stader i fjellet.  Foto: Statens vegvesen / webkamera

Nyhende

– Vi kan komme med varsel for å gjere folk merksam på at det kan komme snø på stader der ein ikkje har fått så mykje snø enno i år, seier statsmeteorolog Marit Berger i Meteorologisk institutt.