Stranda-ordførar ber om utsleppsmøte med Erna

Geiranger: Ordføraren i Stranda, Jan Ove Tryggestad, vil ha eit møte med statsministeren for å diskutere krava til utslepp i Geirangerfjorden. Her er cruiseskipet Sapphire Princess, eigd av Princess Cruises, på veg ut Geirangerfjorden i Møre og Romsdal.   Foto: Halvard Alvik/ NTB / NPK

Nyhende

NPKOrdførar i Stranda kommune Jan Ove Tryggestad vil ha statsminister Erna Solberg med på eit møte rundt utsleppskrava til cruiseskip i Geirangerfjorden.

Det fortel NRK.

Stortinget har tidlegare vedteke nullutslepp i verdsarvfjordane frå 2026. Dette meiner Tryggestad er for seint. Ifylgje kanalen ønskjer Stranda-ordføraren at det blir innført kraftige utsleppskrav både for cruiseskip, ferjer og mindre båtar allereie frå 2022.

Sjøfartsdirektoratet tok på si side i vår til orde for å utsetja fristen for nullutslepp til 2030. Det blei mellom anna peikt på at teknologien ikkje er kommen langt nok og at det var ønskjeleg med like reglar for alle fjordar.

Forslaget om å utsetja nullutsleppsvedtaket har vekt blanda reaksjonar. Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap har mellom anna sendt eit eige brev til Klima- og miljødepartementet der dei tek til orde for at målsetjinga om innføring av nullutslepp i 2026 må stå ved lag.

Også folk i miljørørsla og representantar for skipsindustrien som arbeider med teknologi for grøn skipsfart, har uttrykt skepsis til forslaget. Det same har fleire opposisjonspolitikarar.

Aurland kommune i Sogn har på si side oppmoda Stortinget til å følgja tilrådinga til Sjøfartsdirektoratet og utsetja kravet til nullutslepp for cruisebåtnæringa i verdsarvfjordane. (©NPK)