Siktar mot 170–200 felte hjort

Oppdatert per 12.10.20 er det skote 134 dyr i Heggjabygda og Leivdalen hjortevald til no i haust.

Fornøgde jegerar: Frå venstre Arild Førde, Jon Magnar Frislid, Stian Bjørlo, Cato Hjelle og Lars Mikal Torheim.   Foto: Marit Frislid

Nyhende

Heggjabygda og Leivdalen hjortevald har ein kvote på 220 dyr under haustjakta i år. Leiar for storvaldet, Torbjørn Leivdal fortel at ein god del av jaktfelta har skote veldig bra, og samla sett har ein den første månaden allereie skote godt over halvparten av tildelte løyve.