Kommunar og fylke

Må tilpasse seg klimaendringane

Klimaendringane fører til meir ekstremvêr internasjonalt, nasjonalt og lokalt. Norsk Klimaservicesenter har utarbeida klimaprofilar som skal hjelpe kommunar og fylke å tilpasse seg endringane.

Vassenden: Klimaendringane fører til meir ekstremvêr internasjonalt, nasjonalt og lokalt. Norsk Klimaservicesenter har utarbeida klimaprofilar som skal hjelpe kommunar og fylke å tilpasse seg endringane. Her er eit jordras som gjekk i samband med styrtregn i Jølster i Sogn og Fjordane i 2019.   Foto: Audun Braastad / NTB / NPK

Nyhende

– Vi har utarbeida klimaprofilar for kvart fylke – basert på rapporten Klima i Noreg 2100. Den rapporten tar for seg endringar i historisk klima, forventa klimaendringar i framtida og påverknaden endringane vil ha på naturendringar som flaum og skred, sa Anita Verpe Dyrrdal, leiar for Norsk Klimaservicesenter og forskar i Meteorologisk institutt, under eit webinar i regi av Miljødirektoratet tysdag.

Webinaret med temaet: Klimatilpassing: Praktisk bruk av klimaprofilar blei arrangert for å gi tips og innspel til kommunar for korleis dei best kan bruke klimaprofilane for å tilpasse seg klimaendringane.

– Klimaprofilane summerer opp rapporten Klima i Noreg 2100 og er meint som eit utgangspunkt for klimatilpassing lokalt, sa Verpe Dyrrdal.

Tørrare tider

– Vi forventar at sannsynet for tørke vil auke i framtida. Bakgrunnen for det er ein temperaturauke, sa Verpe Dyrrdal.

Ho viste til sommaren 2018, då store delar av Noreg hadde lange tørkeperiodar, og sa at slike somrar er noko ein kan vente fleire av i framtida.

– Kanskje må ein drive meir jordbruksvatning for å tilpasse seg her, sa ho.

Meir styrtregn

Ein annan lokal konsekvens av klimaendringane er endring i nedbørsmønsteret. Verpe Dyrrdal viste til at ein forventar ein nedbørsauke på 10 prosent i året fram mot slutten av hundreåret.

– Vi forventar at den største nedbørsauken vil komme på våren og vinteren. På sommar vil det bli ein liten auke, men det er ikkje sikkert at auken på sommaren vil kompensere for den auken i fordamping, som vi òg forventar, sa ho.

Også kor hyppig vi får intens kortvarig ekstremnedbør vil truleg endre seg i framtida.

– Styrtregn vil truleg opptre både meir hyppig og meir intenst. Vi ser allereie ei endring i mønsteret, både i Noreg og elles i verda, sa klimaforskaren.

Må integrerast i planane

Verpe Dyrrdal peika på kor viktig det er å ta med den forventa auken i styrtregn og andre klimaendringar når ein planlegg infrastruktur.

– Måten ein gjer det på i praksis, er at ein legg på eit klimapåslag på dei dimensjonerande verdiane ein har i dag.

– Eit døme kan vere å utvide flaumsonene ved vassdrag der ein forventar meir flaum i framtida, sa Verpe Dyrrdal.

Nye profilar frå 2023

Norsk Klimaservicesenter jobbar òg med å forbetre profilane og tilgangen til dei. I dag er klimaprofilane tilgjengeleg som PDF, men no jobbar ein med å gjere dei nettbaserte – slik at dei blir meir tilgjengelege og lettare kan oppdaterast. I tillegg kjem det revisjonar om få år.

– Vi skal i gang med eit stort prosjekt i kjølvatnet av ein ny rapport frå FNs klimapanel. I 2023 vil det komme ein ny rapport, som igjen vil gi nye klimaprofilar, sa Verpe Dyrrdal.

– Då vil vi få endå meir kunnskap om styrtregn, tørke og forhåpentlegvis vind, sa ho.

Alle kan gå inn på klimatilpasning.no for å studere klimaprofilane til kvar enkelt kommune og få meir informasjon om arbeidet med lokal klimatilpassing.(©NPK)