Fekk Furorestipendet:

- Kunne ikkje ha kome på eit betre tidspunkt

Oddhild Louise Nyberg (24) skulle nett passe niesa si medan søstera var i møte i banken.Trudde ho!

Fiolinist Oddhild Louise Nyberg frå Stårheim er tildelt Furorestipendet på 50 000 kroner. Her saman med Kunderådgjevarane Helge Høvig og Ann-Serine Hagen. 

Nyhende

Men det stemte altså ikkje. I staden var det Oddhild sjølv som var midtpunktet då dei kom innom Sparebanken Sogn og Fjordane sitt kontor på Nordfjordeid. Der sto kunderådgjevarane Helge Høvig og Ann-Serine Hagen klare til å gi fiolinisten Furorestipendet på 50.000 kroner.

Kjempeoverrasking

Pengane er gitt av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane.

– Dette var ei kjempeoverrasking! Og dette kunne ikkje ha kome på eit betre tidspunkt for meg. Eg har akkurat kjøpt meg ny fiolin, så dette stipendet er med på å finansiere den, seier Nyberg etter utdelinga.

– Eg hadde fått beskjed om å passe niesa mi då søstera mi skulle i eit møte i banken. Då eg kom der såg eg berre ein stor plakat. Heile familien min visste om det, men eg ante ingenting, seier ho og gliser.

Fekk interessa av eldre veninne

24-åringen frå Stårheim var heime frå Bergen i helga for å få med seg ei førestilling i Opera Nordfjord. Denne gongen som publikum, men ho har sjølv god erfaring med å stå på scena der. Då Nyberg var 13 år vart ho teken opp som fast medlem i Opera Nordfjord sitt operaorkester.

– Eg begynte å spele fiolin då eg var sju år. Interessa fekk eg av ei av mine beste veninner, Siri, som er eitt år eldre enn meg. Ho spelte fiolin, og eg ville jo gjere det same som ho sidan ho var eldre. Då vart eg tatt opp på kulturskulen. Der hadde eg Olga Pavlova som lærar, og ho er ein av dei beste eg har hatt! Ho legg sjela og livet sitt i elevane. Ho vil dei skal blomstre, rosar Nyberg.

– Imponerande lang merittliste

I år har Nyberg mista fleire oppdrag i både inn- og utlandet, og dermed også inntekt, på grunn av korona. Helge Høvig, kunderådgjevar i Sparebanken Sogn og Fjordane på Nordfjordeid, seier at det derfor er ekstra kjekt å kunne hjelpe 24-åringen økonomisk.

– Ja, det er veldig kjekt å gi Furorestipendet til Oddhild! Ho er berre 24 år, men likevel har ho ei imponerande lang merittliste. Vi er heilt sikre på at lista over oppnådde mål berre vil bli lengre og lengre, og vi gler oss til å følge Oddhild vidare, seier Høvig.