Høie: Vaksine mot covid-19 blir gratis

Regjeringa har vedteke at vaksinen mot covid-19 skal vere gratis for heile befolkninga, seier helseminister Bent Høie (H).

Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) bekrefta tysdag at koronavaksinen skal bli gratis for alle.  Foto: Heiko Junge/NTB /NPK

Nyhende

Høie orienterte tysdag Stortinget om status for koronasituasjonen i Noreg. Han understreka at regjeringa ønskjer at vaksinen blir tilgjengeleg for befolkninga så raskt som mogleg når den kjem.