Leiar

Eidsgata i framtida

Stad kommune vil gjerne høyre di meining, så ein kan utvekslel tankar, idear og planar som gjeld framtida for Eidsgata.   Foto: Ill.foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Saman kan ein få til noko stort – slik at ein kan bevare og utvikle Eidsgata mot framtida.

Nyhende

Eidsgata vert karakterisert som juvelen i kommunesenteret Nordfjordeid. Her sit mykje god historie i veggane langs den gamle og ærverdige handlegata, og framleis trekk det mykje folk til Eidsgata. Her finn ein spesielle og unike butikkar som dei ikkje har andre stadar, og sjarmen er stor med dei gamle trehusa som ei ramme rundt.

Siste åra har det derimot vore merkbart at her er nokre tomme lokale. Gråpapir over det som var butikkvindauge er ikkje så fint å sjå på, og det minner oss om ei tid som var med liv i kvart butikkvindauge.

Samtidig er det ein naturleg avgang. Nokre butikkar legg ned, nokre flyttar, medan andre kjem til. Det gjer at eit sentrum pulserer, og ikkje stagnerer.

For det er ikkje mindre handel i Nordfjordeid sentrum. Utviklinga viser at det nettopp er Nordfjordeid som har hatt den største utviklinga siste åra.

I fjor hadde ein tidenes beste år for handelsnæringa i Eid, med ein omsetnad på nær 110.000 kroner per innbyggjar, viser tal frå Statistisk sentralbyrå. Det er Eid, Førde og Ålesund som skil seg ut i vår region.

Det betyr at innbyggjarane sjølve, i tillegg til ein god del tilreisande, er flinke til å nytte butikkane. Og med auka handel også i nabokommunane i Nordfjord har ein klart å stogge handelslekkasje mot Førde og Sunnmøre.

No inviterer Stad kommune huseigarar, næringsdrivande, bebuarar og andre til å utveksle tankar, idear og planar som gjeld framtida for Eidsgata.

Dette er spennande. Saman kan ein få til noko stort – slik at ein kan bevare og utvikle Eidsgata også mot framtida.

Ikkje alle hus ser like fine ut. Kanskje må huseigarar ta ansvar og pusse opp fasadane, eller vere villige til å tilby lågare husleige for å fylle opp lokala.