Det gjeld framtida for Eidsgata

Ber om gode idear

Korleis kan ein ta vare på og utvikle Eidsgata? Alle som har ei meining om dette er velkomne til å bidra i eit prosjekt som tek mål av seg til å skape ny glød og entusiasme i det som vert karakterisert som juvelen i kommunesenteret Nordfjordeid.

SAMARBEID: Leiar i Eid Handel, Ragni Marie Strand Rasmussen er glad for engasjementet i kommunen og ser fram til eit godt samarbeid mellom næringslivet og kommunen både når det gjeld utvikling av Eidsgata og resten av Nordfjordeid. F.v. varaordførar Siri Sandvik (Ap), ordførar Alfred Bjørlo (V), kommunesjef og prosjektleiar Kristine Dahl og leiar i Eid Handel, Ragni Marie Strand Rasmussen. Foto: Anna Wuttudal 

Det er lettare for kommunen å stille opp dersom handelen samlar seg

Nyhende

Stad kommune inviterer huseigarar, næringsdrivande, bebuarar eller andre som har særleg interesse for Eidsgata til dialog for utveksling av tankar, idear og planar som gjeld framtida for Eidsgata.