Slik gjekk det på landslagssamlinga

Sondre Nor Midthjell har vore på G15 landslagssamling, noko som har vore ei oppleving han kjem til å ta med seg vidare.

LANDSLAGSSAMLING: Sondre Nor Midthjell frå Eid IL har vore på G15 landslagssamling frå måndag til laurdag.   Foto: Ole Jørgen Brattland, Equinor.

Nyhende

Sondre Nor Midthjell frå Eid IL var måndag til laurdag på G15 landslagssamling. På førehand sa han til Fjordabladet at å bli tatt ut på G15 landslaget og vere blant dei beste i landet i si aldersgruppe er ein draum som kjem i oppfylling og gjev endå meir motivasjon til å trene. Då Fjordabladet snakkar med han søndag kveld fortel han at det har vore ei oppleving for livet.