Jul i butikkane -Julebrus er spesielt populært

Allereie i slutten av september fekk butikkane på Nordfjordeid inn dei aller første julevarene.

JUL I BUTIKK: På Rema 1000 og fleire andre matbutikkar på Nordfjordeid er julebrusen allereie i butikk. Særleg blant ungdommar og familiar er julebrus populært, ifølgje kjøpmann Frode Taklo.   Foto: OLIN MARIA YRI

Nyhende

Det er snart midten av oktober, men allereie i fleire veker har butikkane hatt juleprodukt og julevarer framme, både i Stad kommune og rundt om i landet. Fredag og laurdag tok Fjordabladet seg ei runde i sentrum av Nordfjordeid for å sjekke ut julestemninga på butikkane. Det skal seiast at trass i at nokre butikkar har hatt juleprodukt i fleire veker, var Fjordabladet innom fleire butikkar som ikkje har fått inn julevarene enno.