Har ikkje fått svar om bankgaranti

Stad SV etterlyste dokumentasjon på bankgaranti for vindkraftutbyggjar Falck. Den har Stad kommune endå ikkje fått.

Ordførar Alfred Bjørlo og Stad kommune har ikkje fått ytterlegare dokumentasjon om bankgaranti frå utbyggjar Falck Renewables Vind.  Foto: Arkiv: Tormod Flatebø

Vi har gjort dei kjend med vårt krav om at bankgaranti må vere på plass allereie ved byggestart.

Ordførar Alfred Bjørlo
Nyhende

– Etter det eg er kjent med, har ikkje Stad kommune motteke ytterlegare dokumentasjon i den omtalte saka – utover det skrivet som kommunestyret fekk omdelt i samband med kommunestyremøtet i august, svarar ordførar Alfred Bjørlo i eit brev til Bent-Inge Borgund i Stad SV.