Frp vil gjere det enklare å byggje nytt, også i verneområde og strandsona

For å gjere det lettare å byggje bustader, næringsbygg, hytter og alpinanlegg vil Frp fjerne Fylkesmannens og Statens vegvesens innvendingsrett i arealsaker.

Norske lokalpolitikarar må i størst mogleg grad sjølv kunne bestemme korleis areal i kommunane skal forvaltast, både med omsyn til strandsona, vindmølleparkar, sjøarealforvaltning og verneområde, meiner Frp. Partiet vil fjerne Fylkesmannens og Statens vegvesens innvendingsrett i arealsaker.   Foto: Tore Meek/ NTB / NPK

Nyhende

– Dette handlar om å fjerne dårlege og dyre byråkratiske løysingar som hemmar verdiskaping i kommunane, seier Framstegspartiets kommunalpolitiske talsperson Helge André Njåstad til NTB.