Årets TV-aksjon vert annleis i år

Varaordføraren har utfordra ordføraren til å bade i sjøen

Utan bøsseberarar frå hus til hus, vert årets TV-aksjon annleis enn tidlegare år. Kreative løysingar på internett har blitt svaret.

TV-aksjonen: Det vert ein nettbasert TV-aksjon i år, med diverse stunt i Stad kommune. Torsdag var Oddrun Midtbø (nummer to frå venstre), fylkesaksjonskoordinator i Vestland, på besøk i Stad for å orientere om årets aksjon.   Foto: Olin Maria Yri

Nyhende

Søndag 18. oktober går Tv-aksjonen NRK 2020 av stabelen. I år går midlane som vert samla inn til WWF, verdas naturfond, sitt arbeid med å kjempe imot plast i havet. Over åtte millionar plast hamnar i havet kvart år, og med konkrete tiltak i landa Thailand, Vietnam, Filippinane, Indonesia, der problemet er aller størst, er målet å redusere plastutslippa og ta vare på verdshava.