Ser fram til villreinjakta

Saman med eit titals andre eidarar ser Rolf Johnson kvart år med forventning fram til villreinjakta i Skjåkfjella.

BUKKEFLOKK: Her står dei sør for Aursjøen. Det er før dei blandar seg i ein fostringsflokk.   Foto: ROLF JOHNSON

Nyhende

Johnson har drive jakt i Nordområdet i Skjåk allmenning i 12–13 år, oftast i lag med 3–4 kameratar. Vanlegvis har han løyve på eitt dyr. Det kostar nokre tusenlappar. Det dyraste løyvet kostar rundt 14.000 kroner, men det er vel verdt pengane, meiner han. Det er fin ferie og avkopling. Kvart år blir det felt 300 av 400 tildelte dyr i Skjåk.