Mann frå Nordfjord vart lottomillionær

Under laurdagens Lottotrekning vann fire personar over 3,6 millionar kvar. Ein av dei er frå Nordfjord.

VANN: Ein mann frå Nordfjord vart laurdag lottomillionær då han vann over 3,6 millionar kroner.   Foto: Norsk Tipping/presse

Nyhende

Laurdag vann fire lottospelarar over 3,6 millionar kvar då dei hadde alle rette under trekninga. Vinnarane er ei kvinne frå Lillestrøm som har hatt fast rekke sidan 1986, mann og kompisgjeng frå Trondheim, kvinne og kollegaer frå Rælingen og ein mann frå Nordfjord, som ønskjer å vere anonym.

– Ja vel, det var ein hyggeleg beskjed. Eg får sjekke om dette stemmer først då, sa mannen frå Nordfjord til Norsk Tipping, som vann 3. 665.785 kroner.