Den vestnorske stovefloraen

– Å opna døra til eit gammalt, vestlandsk våningshus er som å lette på loket til ei sareptakrukke full av historier.

På garden Bø i Stryn i Nordfjord ligg to gamle røykstover med opning mot eit nyare tilbygg på tvers med to fulle høgder. Begge røykstovene har framleis full takhøgd.  Foto: frå boka: Oddleiv Apneseth

Nyhende

Det seier forfattar Eva Røyrane som saman med fotograf Oddleiv Apneseth har reist frå Jæren til Sunnmøre for å dokumentere gamle bustadhus i tekst og bilete og fortelje historier frå dei ulike husa.