99 idrettsutøvarar har søkt på idrettsstipend

Ifølgje Vestland fylkeskommune har totalt 99 idrettsutøvarar innan 35 ulike idrettar frå fylket søkt på utviklingsstipend for idrettsutøvarar frå Vestland fylkeskommune.

STIPEND: 99 idrettsutøvarar har søkt på utviklingsstipend som vert delt ut av Vestland fylkeskommune seinare i år. Det er flest søkjarar innan friidrett, fotball og skiskyting.   Foto: Olin Maria Yri

Nyhende

Vestland fylkeskommune deler ut sju utviklingsstipend på 40.000 kroner i desember. Dette utviklingsstipendet er for idrettsutøvarar mellom 16 og 25 år, og er vidareført frå Hordaland fylkeskommune, der det var inne 25 søknadar i fjor. Sogn og Fjordane fylkeskommune har ikkje hatt eit slikt stipend.

No er det klart at totalt 99 utøvarar har søkt på desse stipenda. Gjennomsnittsalderen på dei som har søkt er rundt 18,5 år. Det er flest menn som har søkt, ettersom det er 55 menn og 44 kvinner som har sendt inn søknad.

Søknadane er fordelt på totalt 25 ulike idrettar, men det er aller flest innan friidrett, der det er 14 søknadar, fotball med 14 søknadar og skiskyting med 9 søknadar inne.

Dei 99 idrettsutøvarane som har søkt, kjem frå 21 ulike kommunar, og Stad er blant desse.

Søkjarane kjem frå Askøy, Aurland, Bergen, Bjørnafjorden, Bremanger, Bømlo, Etne, Gloppen, Kinn, Kvam, Luster, Osterøy, Sogndal, Stad, Stord, Stryn, Sunnfjord, Sveio, Voss, Øygarden og Årdal.