Stilte med rosa klarinett på konsert med meining

Eit par timar før Mannen frå La Mancha har si siste framsyning, stilte Trond Gudevold i Kulturhuset Gamlebanken med minikonsert.

Det var spontan og minikonsert med Trond Gudevold laurdag i Kulturhuset Gamlebanken.   Foto: OLIN MARIA YRI

Nyhende

Trond Gudevold hadde laurdag ein minikonsert i Kulturhuset Gamlebanken på Nordfjordeid. Det var ein av det spontane slaget, men likevel hadde fleire publikummarar tatt turen.

Gudevold er ein del av Opera Nordfjord sin musikal Mannen frå La Mancha, som har siste framsyning laurdag ettermiddag. Torsdag kveld var han også med då Opera Nordfjord hadde sin tradisjonelle konsert i Eid kyrkje til inntekt for TV-aksjonen. Då stilte han både klarinett og song.


Sjå video og bilde frå Opera Nordfjord sin konsert

Frå spansk musikk til Nordfjordsongen i Eid kyrkje

Torsdag kveld hadde Opera Nordfjord konsert i Eid kyrkje til inntekt for årets TV-aksjon.


Denne laurdagen vart det også song, men den vanlege svarte klarinetten var skifta ut med ein knall rosa ein, til inntekt for Rosa Sløyfe-aksjonen.

– Eg fann denne rosa klarinetten på Finn for eit par år sidan. Denne skal eg ha tenkte eg.

– Livet er ikkje bere fest og moro, så eg tenkte at denne klarinetten her kan vere med på noko med ei djupare meining, fortalde Gudevold.

Det vart både song og klarinettspel då Trond Gudevold hadde minikonsert i Kulturhuset Gamlebanken. Gudevold har ein tradisjon for tolke Ol’Man River, og også denne gong vart den framført.   Foto: OLIN MARIA YRI

Det var ein del som hadde tatt turen til Kulturhuset Gamlebanken for å få med seg minikonserten. Her er dei som stod bakerst.   Foto: OLIN MARIA YRI

Trond Gudevold hadde kjøpt den rosa klarinetten på Finn for eit par år sidan.   Foto: OLIN MARIA YRI

Konserten var til inntekt for Rosa Sløyfe-aksjonen.  Foto: OLIN MARIA YRI