Koronasmitte tre gonger så dødeleg som influensa

Risikoen for å døy av covid-19-smitte blir i den siste risikovurderinga til Folkehelseinstituttet anslått til 0,31 prosent.

FHI-direktør Camilla Stoltenberg åtvarar om at dødelegheita ved covid-19 brått kan auke viss viruset tek til å spreie seg i sårbare grupper igjen.   Foto: Stian Lysberg Solum / NTB / NPK

Nyhende

Det betyr at ein reknar med at tre personar vil døy per 1.000 personar som blir smitta av koronaviruset i Noreg.

– Det er jo tre gonger høgare enn det tilsvarande uvisse anslaget vi har for influensa, seier Folkehelseinstituttets direktør Camilla Stoltenberg.

Ho viser til at talet på døde i Noreg under influensasesongen i 2017–2018 vart berekna til 1.400 personar.

– Viss vi hadde hatt tre gonger det, så hadde vi vore fortvila over det, seier Stoltenberg til NTB.

Svært dødeleg for dei over 80 år

Dødelegheita til koronaviruset er berekna som delen døde av alle som blir smitta. Dette kallast letalitet eller infeksjonsletalitet på fagspråket.

Hittil har nesten 90 prosent av dødsfalla i Noreg skjedd i gruppa over 70 år. For personar over 80 år ser sjukdommen ut til å vere svært farleg med letalitet langt over 10 prosent, skriv FHI i risikovurderinga.

Så langt har 275 personar døydd med koronasmitte i Noreg.

Statistikk frå EuroMOMO viser samtidig at det samla talet dødsfall i befolkninga, uavhengig av dødsårsak, førre veike låg innanfor normalen både i Noreg og i Europa samla sett.

I vår førte koronapandemien til markant overdødelegheit i fleire europeiske land.

Vil ikkje sleppe opp

Helseminister Bent Høie (H) understrekar at sjølve viruset ikkje har forandra seg. Det er like farleg i dag som det var då koronapandemien starta i vår.

Høie trur heller ikkje framstega i behandlinga av sjukdommen enno er store nok til at smitteverntiltaka kan sleppast opp.

– Ein situasjon no der ein hadde sleppt dette viruset fritt i samfunnet, ville fått dramatiske konsekvensar, både i talet på døde og i form av ei overbelastning av helsevesenet, seier Høie til NTB.

Helsedirektør Bjørn Guldvog trekker fram estimat som Imperial College i London har gjort. Dei viser ifølgje han at vi kan ha unngått 12.000 dødsfall i Noreg med dei smitteverntiltaka vi har gjennomført.

– Det seier noko om storleiksordenen og kor dramatisk denne pandemien kunne ha vore, seier Guldvog.

Kan endre seg raskt

Ifølgje Stoltenberg er det likevel ingen tvil om at dødelegheita er lågare no enn ho var i vår.

Det kan komme av fleire forhold. Betre behandlingsmetodar på sjukehus kan vere ein del av forklaringa. Ei anna forklaring kan vere at viruset dei siste månadene har smitta mest i yngre aldersgrupper.

Men situasjonen kan endre seg raskt, åtvarar Stoltenberg. Ho meiner derfor at dødelegheita bør sjåast på over noko tid.

– Det er stor variasjon mellom grupper, og når dødelegheita er låg no, er det òg fordi det er få smitta i dei mest sårbare gruppene. Viss smitten spreier seg dit, kan det endre seg brått, seier ho.

– Vi har ingen tryggleik for korleis dødelegheita utviklar seg vidare.