Kan bli sol kvar dag den neste veka

Det ser ut til at det vert nokre fine, men litt kalde, haustdagar framover.

SOL: Det er venta finevêr den neste veka i Stad kommune.   Foto: Olin Maria Yri

Nyhende

Ifølgje Yr er det meldt stort sett sol dei neste ni dagane. Vêrvarselet er framleis litt usikkert, men ifølgje Yr er det ganske sikkert at det ikkje vert nedbør desse dagane.

Trass i det fine vêret skal det derimot ikkje vere veldig varme temperaturar. Det er nemleg venta temperaturar frå sju til ni grader på dagtid ved områda rundt Nordfjordeid. I områda rundt Selje og Stadlandet er det venta at temperaturane ligg på rundt åtte til ti grader.

Isvarsling

Frå 8. oktober til 16. oktober er det isvarsling i store deler av Norge, ifølgje varsom.no. Temperaturane er venta å falle, og spesielt mot slutten av veka kan det bli islegging på svært små vatn ned til rundt 1000 meter over havet i sør, til 200–400 meter over havet lengst nord. Vatn som er større enn rundt 200 meter i lengde er venta å halde fram som isfrie litt til.