Cruisehamnene forventar nedgang i 2021

Det er vanskeleg å spå korleis cruisetrafikken blir i norske fjordar i 2021. Men bestillingane har allereie kome frå utanlandske cruisereiarlag, sjølv om det er færre enn tidlegare sesongar. Hamnene reknar med det kan bli endringar alt etter korleis koronasituasjonen utviklar seg.

Cruiseskip ved kai i Flåm sommaren 2015. Det er uvisst korleis cruisetrafikken blir i 2021.   Foto: Kirsten Offerdal / NPK

Nyhende

Inst i Sognefjorden har dei ikkje tru på at neste år vil gå etter planen. Førebels har Aurland hamn fått bestillingar på 142 cruiseanløp i Flåm i 2021-sesongen. Det kan utgjere om lag 300.000 passasjerar viss skipa er fulle.