Bil har køyrt av vegen

Ifølgje politiet skal ein bil ha køyrt av vegen like ved Kjøs bru måndag.

Ein sjåfør skal ha køyrt av vegen ved Kjøs Bru måndag.  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Politiet melder på Twitter at det har vore ei trafikkulukke på E39 ved Holmøyane i Stad. Ulukka skal ha skjedd i 80-sona.

Det skal vere ein bil involvert i ulukka. Bilen skal ha køyrt av vegen og treft nokre steinar. Ein stolpe skal ha blitt påkøyrt.

Ifølgje politiet skal det berre ha vore ein kvinneleg sjåfør i bilen då ulukka skjedde. Sjåfør skal vere bevisst og skal ha kome seg ut av bilen. Airbag skal vere utløyst.

Det skal vere ukjent årsak til ulukka.

Ifølgje politiet kan trafikken passere på staden.

Oppdatert:

Sjåføren, som skal vere ei kvinne i 40-åra, er på veg til sjukehuset i Førde i luftambulanse med ukjent skadeomfang. Bergingsbil er rekvidert, melder politiet.