Stadlandet-bedrift er ferdig med dei første dagsturhyttene

Stad Kystbygg er ferdig med dei første dagsturhyttene, og siste vekene har dei vorte monterte på hyttetomtene.

NYE DAGSTURHYTTER: Stad Kystbygg er ferdig med dei første dagsturhyttene, og siste vekene har dei vorte monterte.   Foto: Stad Kystbygg

Nyhende

Dei første hyttene er i Masfjorden, Austrheim og Fedje.

Det var i mai Stad Kystbygg fekk melding om at dei hadde vunne storkontrakten på 30 millionar kroner. 35 dagsturhytter skal byggjast til alle kommunane i «gamle» Hordaland.

I Sogn og Fjordane har ein allereie fått dagsturhytter på plass i alle kommunane.

Dei nye dagsturhyttene blir bygd i modular i verkstadhallen til Stad Kystbygg.

- Vi er framleis spent over oppdraget, men er no godt i gang, uttalte nyleg dagleg leiar Raymond Myren til Fjordabladet.