Ekspressbussane får meir krisestøtte – 100 nye millionar i 2021

(NPK-NTB): Regjeringa blar opp 100 millionar kroner neste år og vidarefører hjelpa til kriseramma ekspressbusselskap.

Ekspressbussane får meir krisestøtte.  Foto: Ill.foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Regjeringa foreslo i den såkalla fase 3-pakken i mai i år å løyve 100 millionar kroner til ei eiga tilskotsordning for kommersielle buss- og båtruter. Det er dette tiltaket som no blir vidareført neste år.