Oppgradering av vasskraftanlegg må løne seg

– Vi må no gjere ein jobb med å finne eit rett nivå på skatt for regulerbar vasskraft, som gjer at vi får utnytte det potensialet som ligg i denne ressursen.

Endring: Høgrepolitikarane Frida Melvær og Liv Kari Eskeland ønskjer begge betre rammevilkår for opprusting av eksisterande vasskraftverk. Foto: Privat 

Nyhende

Det seier stortingsrepresentantane Liv Kari Eskeland og Frida Melvær i ei pressemelding. Begge politikarane er frå Vestland, og medlemmer av Høgre sitt distriktsnettverk, som ser på kva som kan gje verdiskaping og aktivitet i distrikta.