Rundskriv til kommunane om korleis dei kan avgrense private samankomstar

(NPK-NTB): I eit nytt rundskriv frå Helse- og omsorgsdepartementet får kommunane rettleiing i korleis dei kan forby eller avgrense private samankomstar.

Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) og Helse- og omsorgsdepartementet har sendt ut eit rundskriv til kommunane.   Foto: Jil Yngland/ NTB/ NPK

Nyhende

– Kommunar med store smitteutbrot har gjort ein formidabel jobb med å få kontroll på smitten. Vi må vente fleire lokale utbrot, og kommunane må vere førebudde på å ta tøffe grep for å hindre smitten i å spreie seg, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) i ei pressemelding.