Enivest vil bruke berre delar av SFE sine eksisterande trekkerør

Må grave for fiber på nytt

I 2017/2018 la SFE ned trekkerør for fiber i Mogrenda, i samband med oppgradering av vegnettet. No skal fiberutbyggar Enivest grave for fiber på nytt, då SFE sine trekkerør blir for dyre og lite teknisk gunstige.

Ved oppgradering av vegane i den eldre delen av Mogrenda bustadfelt blei det også lagt ned trekkerør for fiber i 2017/2018. Det var SFE som la ned røra, og dei har sett ein så høg pris per meter, at Enivest i over halvparten av si utbygging heller vil grave nye grøfter og leggje ned nye rør. På kartet er grøn gate eksisterande trekkerør, medan raud gate er grøfter for rør som no skal gravast. Så må kvar huseigar ta kostnaden med graving og nye rør inn til sitt hus.   Foto: Kart frå Enivest

Nyhende

Då vegstrukturen i gamle Mogrenda blei oppjustert for tre år sidan, blei det også lagt ned fleire nye rørsystem i bakken. Mellom anna trekkerør for fiber. Det var SFE som la ned desse røra, og meininga var at dei skulle brukast når den planlagde fiberutbygginga skulle på plass.