Lesarinnlegg

─ Dei grev i myrlandskap som 4-åringar i sandkassa til besten

Tina Bru, det går an å trekke tilbake ein konsesjon, det står i fleire punkt i konsesjonen, og Hoddevikfjellet vart trekt tilbake i siste runde. Grunnlaget for konsesjonen er feil, og prosjektet vert bore fram på løgn, og det ser til og med den meinige på «Verdas beste vesle Stad»…

Thomas Honningsvåg er nestleiar i Stad Landskap.   Foto: Andreas Dolk

Nyhende

Når det kjem til vindindustriprosjektet ved Vestkapp på Stadlandet, i Eltvikehornet konfliktområde, tre kilometer frå der Statkraft fekk tilbaketrekt sin konsesjon, ikkje langt frå Hoddevika og Ervika sin verdskjende surfespot, der innspelinga av fleire scener i storfilmen «Dune» vart filma i 2019, halvøya rik på kulturhistorie tilbake til steinalderen -- har eg ei oppdatering å komme med.

Vindindustriområdet som er planlagt i nedfallsfeltet til verna vassdrag, drikkevatn, terrengdekkande myr og fuglereservat, driv dei no å pløyer seg oppover - gjennom gamle steingardar, røskar opp kystlynghei utan plan, og drenerer og grev i myrlandskap som 4-åringar i sandkassa til besten. Eg har full oversikt, og seier dette som sanning, det er ikkje overdriving. Dei har ingen tiltak som fungerer, og dei tiltaka som kom på bordet to veker etter oppstart, unnlet dei å følgje -- med glatte ordelag. 1200 kvadratmeter myrtorv skrella vekk før dei tok helg, og vassmengdene sender dei i 8-9 nye elvar dei har laga, for å ikkje overfløyme fylkesvegen, over matjord og rett i Lilleelva. Det ser ikkje ut! Dei lyg i avisene, prøver å oppfylle vilkår utan å ha dokumentasjon å vise til halvanna veke etter oppstart, det skulle vore på plass før. Dei brukar område der dispensasjonane ikkje er i orden, og MTA trur eg

ikkje dei har sett på anna enn for å finne 40 meter korridoren sin med GPS. Siltbelasta vatn fløymer ut i gyteområde for sjøaure med hundrevis av liter i minuttet, og det har det gjort sidan 04.09.2020, snart 3 veker.

Og kva seier Falck Renewables Vind AS om situasjonen i avisa? «Det var en liten siltbelastet mengde vann som slapp ut, men vannkvaliteten kom raskt tilbake til normalen».

Truverda er på minus, det er berre å sjå oppslaga i Fjordabladet og Fjordenes Tidende dei siste 2-3 vekene. Den som ikkje trur meg, kan ta seg en tur i Borgundvågen og sjekke. Det er galskap! Og medan eg skriv dette, er der vel nokon frå Entreprenørservice AS og SFE som prøver å pynte på galskapen. Men det hjelp ikkje dessverre: vi er der og filmar når dei køyrer maskinene sine. Då ligg der ei grågrøn stripe som går midtfjords mot Sunnmøre via elva og hamna. Og sånn skal det visst vere i månadsvis-- mot alle avbøtande tiltak som er lagt fram.

Dårleg tid har dei og, og mine estimat tilseie at dei ikkje vil rekke fristen. Skal dei nå det framdriftsplanen tilseie at dei skal begynne monteringa oppe på toppen, må dei lage 120 til 150 meter med ferdig veg i veka som skal tole eit 70 meter vogntog oppover bakkane utan velt -- dei har snart halde på ein månad, og dei har ikkje laga ein einaste meter med ferdig veg enno, og straum skal leverast til nettet innan 31.12.2021.

No har eg ikkje snakka om Storeelva eller alle massane som må skipast inn med båt, eller det massive steinbrotet på 2400 kvm, som ingen har rekna med i utgreiingane som ligg som grunn for godkjenningane. Det verste er likevel Naturmangfaldet: undergrave og underrapportert, ikkje eingong påbegynt utgreia på nasjonalt plan, Bjordal sin landskapsrapport som var av høg kvalitet, vart erstatta med ein som inneheld kritiske faglege feil og manglar for å kunne rettferdiggjere galemathiasprosjektet.

I alle høyringsrundar er partane motstridige, med god grunn, men alt vert avfeia, gøymt blandt hundrevis av saksvedlegg, det eine erstattar det andre og ingen har kontroll. Høyringspartar neglisjert, og lokalbefolkning og politikarar lurt trill rundt i år etter år -- dei som ikkje har ein finger med i spelet vel og merke. Hovuddokumentet som skulle følge det einstemmige vedtaket frå Selje kommune, bekymringsmeldinga som sa «Stans, det er tydelegvis noko som har vore feil i prosessen», er ikkje eingong vedlagt saka eller vurdert, då nokon i kommunen brukte nær ein månad på å sende dokument, trass fleire purringar.

Når regjeringa sitt vedtak av 19.juni 2020 vert oppfylt, vert prosjektet stogga. Spørsmålet mitt er følgjande: Er Okla-industrianlegg sine fem 150 meter høge turbinar i habitatet for raudlista artar allereie reist og blåst over ende før stoppordren kjem? NVE og OED må stoppe dette no! For jo, Tina Bru, det går an å trekke tilbake ein konsesjon, det står i fleire punkt i konsesjonen, og Hoddevikfjellet vart trekt tilbake i siste runde. Grunnlaget for konsesjonen er feil, og prosjektet vert bore fram på løgn, og det ser til og med den meinige på «Verdas beste vesle Stad»…