På jakt etter svar i Guatemala og Honduras

Alexa Valentina har vakse opp utan å vite kva år ho er fødd eller kvifor ho vart adoptert. Gjennom TV 2 programmet «Sporløs» har ho no 18 år etter endeleg fått svar.

Alexa si historie: Alexa Valentina har vore i Guatemala og Honduras med «Sporløs» for å finne svar på kor ho kjem frå, kven ho liknar på og kva det var som skjedde då ho var baby. Foto: Tv 2 

Eg var babyen som låg i ein kurv, medan mamma strippa og hadde kundar.

Nyhende

Torsdag 22. august 2002 stod det i Fjordabladet at Kari Rogdo og Helge Melheim hadde kome vel heim med ei lita jente med namnet Alexa Maria frå Guatemala. Alexa fekk ein trygg oppvekst på Nordfjordeid, noko som står i kontrast med korleis livet kunne blitt i Guatemala – eit land som har vore prega av vald, korrupsjon og gjengkriminalitet i mange år. Likevel har det ikkje berre vore enkelt å vakse opp på ein liten stad som Nordfjordeid for Alexa.