Slåstkamp på Nordfjordeid og Stryn

Det har vore ei travel natt for Vest politidistrikt med 30 forstyrringar av natteroa natt til søndag.

TRAVELT: Det har vore ei travel natt for politiet i Vest politidistrikt med festbråk og fleire slåstkampar.   Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Det har vore ei travel natt for Vest politidistrikt. Politiet melder om 30 forstyrringar av natteroa knytt til feststøy i politidistriktet frå klokka 23 til 03. Trass i at dei fleste av desse forstyrringane har vore i Bergen sentrum, har det også vore fleire elles i distriktet.

Både På Nordfjordeid og Stryn har det vore slåstkamp natt til søndag. Det har også vore ein slåstkamp i Førde og tre i Bergen sentrum. Det skal ikkje vere alvorlege personskadar knytt til slåstkampane.