Syklar vert stolne på dagtid

Den siste tida har Stad lensmannskontor fått fleire meldingar om at syklar har blitt stolne og øydelagt på Nordfjordeid. Sykkelstelinga skal ha skjedd både i og etter skuletida.

SYKKELPROBLEM: Den siste tida etter at skulane har opna opp att etter sommarferien har steling av syklar vore eit problem både i og etter skuletid. Dette gjeld både ved skulane på Nordfjordeid, i sentrum og i nærleiken rundt Nordfjordeid. Rektor på Nordfjordeid skule, Anne-Grete Eikås, tykkjer det er trist at syklane ikkje får stå i fred.   Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes (ARKIV)

Nyhende

– Vi har hatt to stolne og ein demontert sykkel i skuletida sidan skulestart. Syklane har blitt funne igjen ved Eid idrettshus, seier Anne-Grete Eikås, rektor ved Nordfjordeid skule.