Køyrde med nettbrettet i siktsona

Statens vegvesen hadde natt til torsdag kontrollar på Kjøs, og fleire fekk køyreforbod.

KONTROLL: Statens vegvesen hadde kontrollar på Kjøs natt til torsdag, der fokuset var særleg på tungbilane.  Foto: Arkiv

Nyhende

Både lettbilar og tungbilar vart kontrollert på Kjøs. Totalt 39 tungbilar var innom kontrollplassen, medan ni vart kontrollert. I tillegg vart to lettbilar kontrollert.

Ifølgje Statens vegvesen måtte ein sjåfør fjerne gjenstandar i frontruta før vidare køyring. I tillegg hadde sjåføren ulovlege lys, og det vart difor skrive ein kontrollseddel for dette. Sjåføren fekk frist for å fjerne desse.

Ein sjåfør måtte skifte ut ein del stropper som vart nytta til å sikre lasta. Stroppene hadde skadar, og kunne ikkje brukast.

I tillegg fekk ein sjåfør mangellapp for mangel på lys.

Kontrollerte 23 tungbilar

Statens vegvesen hadde ein til kontroll på Kjøs natt til torsdag. Dette var med fokus på tungbilar. Totalt 57 tungbilar var innom kontrollplassen, medan 23 vart kontrollert.

Ein sjåfør måtte fjerne nettbrettet frå siktsona, ifølgje Statens vegvesen. I tillegg hadde eit køyretøy tørr svingskive, og sjåføren måtte smørje denne før vidare køyring.