Sogn og Fjordane får ni nye politistillingar

Sogn og Fjordane får ni nye politistillingar, og det er klart at Nordfjord lensmannsdistrikt er blant dei som får ei av stillingane.

POLITI: Det er no klart at Sogn og Fjordane får nye politistillingar.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Ifølgje ei pressemelding har Sogn og Fjordane fått tildelt ni nye politistillingar. Dette er som del av målet om to politi per 1000 innbyggjarar nasjonalt. Nordfjord lensmannsdistrikt er blant dei som får ny stilling, og denne vert plassert i Måløy. Dei som får flest stillingar er Sunnfjord lensmannsdistrikt, som får seks av dei ni stillingane.

– Det er svært bra, men framleis er det behov for fleire politistillingar for å styrka vakt- og beredskap i Sogn og Fjordane, skriv Arne Johannessen, Leiar GDE Sogn og Fjordane i pressemeldinga.

Før dei ni nye politistillingane vart oppretta, skal Sunnfjord ha hatt 0,9 politi per 1000 innbyggjar, medan Nordfjord og Sogn skal ha hatt 1,2.

Slik vert fordelinga av dei nye stillingane:

  • GDE etterforskingsseksjon: 1 stilling. (stadsplassert i Førde)
  • Sunnfjord lensmannsdistrikt: 6 stillingar, av dei 4 til Førde, 1 til Gloppen og 1 til Fjaler.
  • Nordfjord lensmannsdistrikt: 1 stilling som vert plassert i Måløy.
  • Sogn lensmannsdistrikt: 1 stilling som inntil vidare vert plassert i Lærdal.