Leiar

Nettrolla har hatt «gode» dagar ei stund no. Det er ikkje slik vi vil ha det.

Okla-saka engasjerer. Les leiaren frå tsydag 15. september.  Foto: Tormod Flatebø

Det er ikkje slik vi vil ha det, og det er vår oppgåve å stoppe dei

Nyhende

Laurdag inviterte Stad Landskap bygdefolket på Stadlandet til «forsoningsmøte». Her var ønsket å samle både dei som er sterkt imot og dei som meiner det er greitt med vindkraftanlegg på Okla. Målet med møtet var eit første forsøk på å finne saman. Å skape ei felles forståing og respekt for at folk skal kunne leve saman utan med ulike standpunkt i ei kontroversiell sak. Slik situasjonen blir omtala meiner vi bestemt at ei slik samling var nødvendig. Kanskje skulle endå fleire enn dei vel femti som tok turen, ha møtt opp. Stad kommune består av mange små lokalsamfunn, og Stadlandet er ikkje større enn at det er viktig å ha eit godt samhald. Ikkje minst med tanke på at vi skal leve ved sidan av kvarandre no og i framtida.

Dei to initiativtakarane, Marita Aarvik og Ronald Dalsbø, var begge opptatt av at det er viktig å respektere og ta vare på kvarandre, sjølv om ein i ein del samanhengar er usamd i sak. Begge var innom det som kanskje er litt av problemet, nemleg at enkelte skjuler seg bak ein skjerm, og trykkjer ut meiningane og meldingane sine. I ein del samanhengar meiningar som ein ikkje ville sagt til personar i det offentlege rom. Det er som Ronald Dalsbø sa: Eg kan vere fykande usamd, men poenget er at sjølv om dei har ei annan meining enn meg i ei sak så er dei fine folk, og dei fortener min respekt på same måte som eg fortener deira respekt.

Det som slår oss er at politikarane våre ikkje møtte manns- og kvinnesterke opp. Politikarar som møtte fram kan teljast på ei hand. Nettopp til eit slikt møte som dette, burde også dei kjenne si besøkstid. Så vil kanskje nokon seie at dei ikkje var invitert. Kanskje det er på tide å få med seg at ein ikkje alltid treng ein personleg invitasjon for å stille opp.

Nettrolla har hatt «gode» dagar ei stund no. Det er ikkje slik vi vil ha det, og det er vår oppgåve å stoppe dei. Både av omsyn til våre barn og unge, som vi lærer heilt andre ting, og ikkje minst av omsyn til dei få, som vi trur er i mindretal, som sit bak skjermen og trykkjer på publiserknappen.