Inviterer til mat, hobby og handel

Handelsstanden på Nordfjordeid lovar kjekke dagar for små og store når dei inviterer til handelsdagar 18.–20. september.

Eidsgata: På grunn av korona legg ein ikkje opp til store samanstimlingar av folk, men at ein brukar sunn fornuft og at folk held avstand til kvarandre når det er handelsdagar på Nordfjordeid i helga.   Foto: Ill.foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Den tradisjonelle Eidamessa blir ikkje arrangert i år. I staden inviterer heile handelsstanden på Nordfjordeid til handelsdagar i Eidamessa si ånd.

– Mat, hobby og handel er stikkord for handelsdagane. Her blir mykje kjekt som skal skje, sjølv om vi ikkje kan ha store samanstimlingar av folk til spesielle tidspunkt, seier Ragni Marie Strand Rasmussen, styreleiar i Eid Handel. Dei lovar fest og moro saman med alle butikkane, kulturlivet og alle dei tilreisande salsbodene.

Kjekke dagar: – Det blir kjekke dagar for små og store under handelsdagane på Nordfjordeid komande helg, lovar Ragni Marie Strand Rasmussen, styreleiar i Eid handel.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Mange lokale matprodusentar stiller opp, i tillegg til eit bredt spekter av utstillarar innan hobby. Det er også nokre kveldsarrangement; konsert med Misery and co. på Sagastad, konsert med Kristian Haugen i Bankkjellaren, quiz på Magnifikk og ungdomsarrangement i Gymmen.

I tillegg inviterer Hamna Trening og Norsk Fjordhestsenter til aktivitetar, og det blir lagt ut flaskepostar rundt om i heile sentrum, som er vel verdt å finne. Du kan høyre vikinghistorie på Sagastad. Aleks Grey har låtskrivarkurs, og Stad kulturskule har konsert i Gamlebanken.

Fjordhestsenteret: Fjordhestsenteret inviterer til ridetur. 

Utfordrande tid

– Mange aktørar er med for å skape tre trivelege handelsdagar på Nordfjordeid, seier ho.

– Det er ei utfordrande tid, og vi kan ikkje gjere alt ein ønskjer. Men handelsdagane blir for å skape aktivitet både for butikkar og besøkande. Det har vore stillstand lenge. Vi treng å møtast, og vi legg opp til å skape trygge aktivitetar med fokus på smittevern så langt det let seg gjere, seier Strand Rasmussen.

Ballongar og glitter: Kloven Missy vil vere på plass på Alti Nordfjord denne helga, og spreie glede med ballongar og glitter. pressefoto 

I tillegg jubilerer Alti, eitt år som Alti og 15 år som kjøpesenter i Sjøgata.

Dei lokale bilforhandlarane stiller ut bilar på tomta til Osnes-tunet. I tillegg er det Spel Norsk-festival i Stad denne veka, med fokus på norsk musikkliv, norske komponistar og norske låtskrivarar. Stad kommune er ein av seks kommunar som er trekt ut til å delta. Butikkane er også oppfordra til å spele norsk musikk denne veka.