Eit eldorado av variasjon i den eldste butikken

– Vi er ei utdøyande rase, seier kjøpmann Harald Fagerstrand. M. Johnsen eftf. feirar 135 år og er den eldste butikken på Eid.

135-ÅRSJUBILEUM: I år kan M. Johnson eftf. feire 135-årsjubileum, og er dermed den eldste butikken på Nordfjordeid. Her kan innehavar Harald Fagerstrand tilby alt frå bunadssølv, dåpsgåver til julekuler, troll og vikingar.   Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

I dag nyttar alle mykje meir duppedittar, så det er mykje som har skjedd siste tiåra.

Nyhende

I tidlegare tider syda det av lokal kjøpmannsånd i Eidsgata. Sunde, Bergset, Hestenes, Hildenes og Moen låg på rekke og rad. I nordenden av gata fann ein Johnsen. No 135 år etter ligg butikken der endå, og er i dag den eldste butikken på Nordfjordeid.