Kjøpesentersatsing stoppa handelslekkasje

Alti feirar 1 + 15 år

No er det 15 år sidan kjøpesenteret blei etablert i Sjøgata på Nordfjordeid. For eitt år sidan vart det Alti Nordfjord. Begge deler vert feira under handelsdagane.

KLAR FOR FEIRING Butikkane på Alti Nordfjord er klar for feiring under handelsdagane på Nordfjordeid. I midten framme senterleiar Gro Gjerdevik. Bak f.v. Susanne Stark hos Power, Stine Tennøy frå Ark, Silvia Melum Holmøy, Linn Beathe Leivdal Rye hos Cubus.   Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

– Vi hadde ikkje stått her utan brørne Ivar og Bjørn Kåre Moen. Dei såg tidleg at ein måtte satse og byggje ut for å tiltrekke seg dei store kjedene til Eid. For å behalde handel i Nordfjord var det viktig å ha eit større senter. Vi er takknemleg for jobben Moen-brørne gjorde. Utan den etableringa hadde vi ikkje vore det senteret vi er i dag. Det har gjort at vi er det handelssenteret vi er, og har klart å stoppe mykje av handelen ut av området. Vi ser også at handelen aukar i heile Nordfjord, noko som er veldig positivt, seier senterleiar Gro Gjerdevik ved Alti Nordfjord.