Tilbyr kortreist mat

Kortreist mat i alle variantar er eitt av trekkplastera under handelsdagane på Nordfjordeid komande helg.

Mor Sigfrid Bakst: Bakstevarer frå Mor Sigfrid Bakst på Bryggja er på plass under handelsdagane på Nordfjordeid. foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes 

Nyhende

Stad Kystmat frå Sandvik, eple frå Flo, pølser frå Kåre Haugland og Brito, Mikkelsgard på Stårheim, Bakerie frå Bryggja.

Stad Kystmat: Mads Jonsson stiller med produkt frå Stad Kystmat. 

Sølvane Gard frå Kandal kjem med kje og geitekjøt frå sine eigne dyr og fem andre bønder i Kandal. Her vert det også lamme- og sauekjøt frå Kandal.

Lefser heile året

Det vert også bakst frå Mor Sigfrid Bakst på Bryggja.

– Eg bakar når eg har tida og har lyst, men dette er handarbeid, så det tar si tid å bake lefser. Ein brukar no ikkje maskin til det, men heller armmusklane, smiler Bjørg Ingebrigtsen.

Sylta raudløk: Det er noko av delikatessene som du blir tilbydd under handelsdagane. 

Ho nyttar mor Sigfrid sine gamle oppskrifter.

– Utanom til dei glutenfrie lefsene. Den oppskrifta måtte eg finne på sjølv, for det fanst ikkje på mor si tid, fortel ho.

Ingebrigtsen kjem med alle variantar av lefser, med og utan kanel, lefser med ost eller vanilje, glutenfrie lefser og natronkaker.

– Ete lefser kan ein gjere heile året. Men skal ein vere sikre på å få tak i lefse til jul, så bør ein kanskje sikre seg no, for i november og desember kan det bli knapt, meiner Ingebrigtsen. Ho gler seg til handelsdagane på Nordfjordeid.

– Det er alltid hyggeleg å kome til Eid, seier ho.

Laks i alle variantar: Laks i alle variantar får du frå Kim Rudis Røykeri. pressefoto