Lesarinnlegg

Stad - saman for framtida

Marita Aarvik  Foto: PRESSEFOTO/Bibben

Nyhende

Har blitt oppmoda om å dele innlegget som vart halde til slutt på samlinga ved Stad hotell laurdag 12.09, sidan dette ikkje kom med på filmen som vart teken opp og lagt på nettet. Dette for å poengtere kva som var bakgrunn for og meining med samlinga.

Med siste innlegg i dag så vil eg nytte høvet å dra nokre linjer. Nokre er lange, tilbake til då det var planar om vindmøller på Hoddevikfjellet. Då tenkte eg at dette må vere reine røvartankar og eg sa det høgt. Mange var einige med meg, men andre var i mot og begge sider sa i frå. Så kom saka om Okla og eg stod aleine i kommunestyresalen og stemde i mot utbygging. Eg måtte gje ei grunngjeving for kvifor eg ville stemme i mot. Det var ikkje kjekt å nærast stå skulerett i ei sak som skulle være så viktig for økonomien til kommunen. Men også denne gongen opplevde eg folk i og utanfor kommunen som var både med meg og mot meg. Slikt er aldri kjekt, men eg har vore heldig likevel fordi eg har fått lov å stemme etter mi eiga overbevisning og eg har ikkje fått fiendar i mine motstandarar. Det er eg glad for, for eg kjem ikkje til å endre meining i saka.

Det eg ønsker mest av alt, då sjølvsagt nest etter at vindturbinane ikkje kjem er at orda Respekt - Kjærleik - Omtanke og Miljø på plakaten vår skal vere berande framover.

Respekt - for jorda vår, for naturen vår, for flora og fauna og for kvarandre

Kjærleik - til naturen vår, til familien vår, venane våre, naboane våre, bygdene våre

Omtanke - for kvarandre, vi skal ikkje tole så inderleg vel den urett som ikkje rammar oss sjølv. Her kjem også det som Stig Ervik og Øystein Wiig Rambøl tok opp, om at vi må godta at nokon har satsa

og skal drive forretning og treng kundar. Men så må vi også tenke på at nokon kan misse kundar på grunn av det som kan kome. Her er det mange fasettar. Også under omtanke kjem naturen inn. Omtanke for dyr, fugl og fisk, det som gjev oss mat på bordet.

Miljø – er plassen vi bur på, det er det vi kviler augene på, lydane som påverkar oss. Vi skal ta vare på miljøet. Det mantraet har heldigvis vakse fram dei seinare åra, for det er dette vi skal gje vidare til våre etterkomarar.

Det har siste tida blitt kritisert at det er folk utanfrå som har hatt og vist meininga si om vindturbinane. Mange av desse har direkte utsyn til turbinane, blinkande lys og lysspegling. At dei markerer sitt standpunkt her er vel naturleg ettersom dette så sterkt påverkar deira miljø

Men miljø er også det som vi skriv på nettet. Når vi rosar kvarandre så får vi eit godt miljø og når vi sjikanerer kvarandre så får vi eit dårleg og hatefullt miljø. Kvifor er det så mykje lettare å sitte bak ein skjerm og kritisere kvarandre enn å skryte av kvarandre. Kvifor er det lettare å sitte bak ein skjerm ennå stå her framme i dag?

Før denne samlinga har fleire fått tilbod om å snakke fordi her er vi frå alle leire, men det var dessverre fleire som ikkje tok i mot tilbodet.

Eg vil be om at kvasse ytringar på Nettet, som riv opp familiar, øydelegg vennskap, naboskap og bygdemiljø stoppar opp. Dersom nokon ser slike ytringa framover, så ikkje svar, men gjev heller eit hjarte på innlegget.

Vi har ytringsfridom i landet vårt og den står sterkt, men den gjev oss ikkje rett til å øydelegge kvarandre.

Eg vel å vere i mot vindturbinar av mange grunnar og eg vil vise det, og eg er i min fulle rett.

Du som vel å vere for vindturbinar får vere det, det er ditt val. Eg har ikkje rett å kritisere deg, men eg vil garantert prøve å omvende deg.

Til slutt vil eg sei kva som stod på kalenderen min i dag når eg bladde om til 12.september:

Vår histories byggesteiner er reisverket i vennskapets hus.

Lat oss ta vare på det huset.