Samla seks sekkar med plast på Naustdalstranda

I samband med den årlege «rydd ei strand» hadde  Naturvernforbundet i Eid teke på seg strandrydding på Naustdalstranda.

RYDDA: Naturvernforbundet i Eid møtte måndag i lett duskregn for å rydde Naustdalstranda.   Foto: Privat/Presse

Nyhende

Tre frå lokallaget; Inga Bodil Sønderland, Randi Merete Haugland og Thorleif Jakobsen møtte på plassen måndag i lett duskregn og med gå-på-vilje sette dei i gang.

– Vi fann masse taustumpar og mykje isopor som blir til mikroplast om det blir liggjande. Vi fann også bilbatteri, ballar, plastdunkar, plastrøyr, rundballplast, plastflasker og anna plast. Vi fekk samla seks sekkar pluss dei store tinga vi fann, fortel lokallagsleiar Thorleif Jakobsen. Han forklarer at mikroplast er små plastpartiklar under 5 millimeter og at det tek 450 år før ei plastflaske blir broten ned til mikroplast.

SEKS: Dei samla saman seks sekkar med plast, batteri, isopor og liknande.   Foto: Privat/Presse

Jacobsen seier at plasten er ei av oljenes mange mørke baksider. Mange tusen sjøfuglar blir drepne også marine dyr få ein pinefull død.

Når Bangladesh, Rwanda og Kina har forbod mot plastposar, bør vi også kome etter, poengterer han.

MILJØ: Thorleif Jakobsen og styret i naturvernforbundet Eid oppmodar butikkane om å slutte å spørje om dei handlande vil ha plastpose, og heller køyre kampanje for meir miljøvenlege handlenett.   Foto: Privat/Presse

Dei tre søppelsankarane frå Natuvernforbundet Eid fekk levert inn det marine søppelet og gjekk heim med tankar om at plastposar i dag er for billig. Dei bør koste 5 kroner, helst meir. Ikkje minst trekkfuglar og standfuglar vil få det betre med litt mindre plast i matfatet der dei leitar i tangvollen etter mat.

Naturvernforbundet Eid ønskjer å sende ut ei utfordring til butikkane. Kven sluttar først med å spørje om vi som forbrukarar vil ha pose kvar gang vi handlar og heller køyrer kampanjar for bruk av eige nett.

TEK LANG TID: Det tek 450 år før ei plastflaske blir broten ned til mikroplast.  Foto: Privat/Presse