Stad kommunestyre:

Sa ja til hamnesamarbeid

Ei sak som skapte både temperatur og diskusjon på siste kommunestyremøte, var formannskapet sitt framlegg om at Stad kommunestyre godkjenner ein forhandla fram avtale om administrativt vertskommunesamarbeid på hamneområdet mellom Stad og Bremanger kommunar.

Kritisk: Hogne Bleie (Frp) ville at pålegge administrasjonen å freiste å forhandle fram ein alternativ avtale med Nordfjord Hamn IKS om kjøp av tenester kommunen er ansvarleg for etter «Havne og farledsloven». Det var ikkje fleirtalet i kommunestyre samd med han i. Alle foto: Tormod Flatebø 

Nyhende

Dei som markerte seg som dei største motstandarane mot samarbeidet med Bremanger var Frp sin representantar Hogne Bleie og Anfinn Sjåstad. saman la dei fram eit forslag til vedtak, der dei bad Kommunestyret å seie nei til samarbeid med Bremanger.